Takk til Toril!
Takk til Toril!

Toril Røgenes går av med pensjon, her med Elliott Noddeland

Å jobbe i kyrkja har nokre frynsegoder. For staben i Bekkefaret har ein av dei vore å kome på jobb på torsdagar. Då har me vorte møtt av det blide åsynet til Toril Røgenes. Ho har ført rekneskap her, og jobba på servicetorget resten av veka. Etter ferien går ho av med pensjon. I den forbindelse har me stilt ho nokre spørsmål:

  1. Kva tid begynte du i den første stillinga i kyrkja i Stavanger?

Eg hadde mi første teneste i kyrkja i 1989.  Då hadde eg ei stilling som assistent i Tjensvoll menighets barnehage, den hadde eg i to skuleår.

I 1991 fekk eg spørsmål om å være med å føre rekneskap for nokre menighetsbarnehagar.  Ei lita stilling først, som etterkvart auka i stillingsstørrelse.

  1. Korleis var det å jobbe på heimekontor? Hadde det nokre praktiske utfordringar?

Heimekontor var det då eg byrja med det, då var det hjå «hovudbokføraren» i hennar heim på Stokka.  Då ho pensjonerte seg, flytta me kontoret til meg.  Det fungerte godt for meg, og eg trur eg kan seie også for styrarane i barnehagane.  Eg hadde då ansvar for 11 barnehagar og ein byggmeister.  Etter kvart tok kommunen over rekneskapa, og eg vart hyra inn av nokre få styrarar til å føre rekneskapa i deira barnehage. 

  1. Når begynte du i Bekkefaret menighet?

Den 12.03.2004 byrja eg i Bekkefaret menighet.  Der har eg så vore sidan.

  1. Korleis kom det til at du vart organist i Døvekyrkja? Kor lenge hadde du den tenesta?

Det var organist Alf Aase (eg gjekk å lærde å spela hjå han)som i si tid, ca 1970 spurde om eg ville spela i Døvekyrkja.  Først var eg vikar innimellom, sidan vart det fast. Til saman var eg tilsett i 30 år.  

5.            Kan du trekke fram noko kjekt i frå desse åra?

Å væra i arbeid i kyrkja si teneste på mange ulike område har vore berre kjekt.  Eg har trivst godt med dei forskjellige oppgåvene, rekneskap/lønsarbeid, vaktmeisteroppgåver og Servicetorgoppgåver har vore ei glede å få ta del i!  Alle dei gilde og gode menneska eg har fått samarbeida med og vore kollega med, det har vore ei sann glede og beriking i livet mitt.

Me vil ynskje Toril ein god sommar, og lukke til med pensjonistlivet! Bekkefaret er hennar heimekyrkjelyd, så me vil nok sjå ho frå tid til anna. Ho har og barn og barnebarn som ho får meir tid til framover. Hytta på Bokn får kanskje og oftare besøk no?

Tusen takk for samarbeid og fellesskap!